onsdag 4. april 2012

Havørn

I dag var eg på tur heima på Hovda. Gjekk ut til Fjellbergvatnet, og der såg eg ei ørn som sveva over meg. Fekk nokre bilder, men den var langt frå meg. Eg gjekk oppover der eg hadde sett den, og fann meg ein god utkiks-plass. Når eg hadde vore der nokre få minutt, kom to ørner rett over tretoppane, og eg fekk ikkje fokusert på dei før dei var forbi(skulle hatt vidvinkel då:). Men dei gjekk opp og sveva over meg, og så kom det to til. Det eine paret forsvann ganske raskt, men to av ørnene fortsatte å sveva over meg ei god stund, før dei tok turen nordover.
Er ingen ørne-ekspert, men etter litt surfing på nettet, kom eg fram til at det må vera havørn:)
Det var ein utrulig flott opplevelse, eg var heilt i storform.
Her kjem nokre av bilda eg tok.(Klikk på dei, for å få dei større)





2 kommentarer:

  1. WOW!
    Det var nok et flott syn i virkeligheten, for flotte bilder var det i alle fall!!
    Så flink du er til å ta bilder!! :-)
    Janne

    SvarSlett
  2. Først fått tid i dag til å titte innom! Flotte bilder Sverre! Jeg skulle gjerne vært der med deg! Kjekt å se at du koser deg med fotoapparatet!

    -ab-

    SvarSlett