mandag 14. mars 2011

Taregås

Desse fuglane var som eit gamalt ektepar, dei var alltid saman. Såg me den eine, såg me og den andre, om det var på bakken eller i lufta.
Hoa er kvit, og hannen er svart/brun.
Navnet har den fått fordi livretten er tare.


onsdag 9. mars 2011

Heilt konge!

Det vart mange gledelige overraskelsar på turen vår, og ein av dei var at me fekk koma heilt innpå ein flokk med Kongepingvin. Dei skulle normalt sett ikkje vera i området der me reiste.

Litt nebbete..
Godt med ein kvil
Holdning er viktig
Tid for kos
Kongepingvin er den nest største av pingvin-sortane(etter keisarpingvin). Dei lever av fisk og blekksprut og kan dykka ned til 300 m. Blir opptil 94 cm høg og veg mellom 11 og 15 kg. Sjå meir på Andreas sin blogg

mandag 7. mars 2011

Svartbryn-albatross

Svartbrynalbatross i svevet

Noko me var ganske sikre på å få sjå på fotosafarien, var svartbryn-albatross med ungar. Me hadde med oss ein fugle-ekspert som visste kor dei hekka, og på denne tida i fjor var dei i reira sine med ungar.
Men når me kom fram til øya der dei skulle vera, var det ikkje ein albatross i reiret sitt. Me klatra opp på øya for å sjå om me fann nokre, men det var bare tomme reir.
Men me såg mange albatrossar både her og andre ganger på turen vår. Flotte fuglar. Grunnen til navnet er at den har svarte øyenbryn. Den har eit vengespenn på opp mot 2,5 m.
Les meir om den på Andreas sin blogg.
Tomt reir

søndag 6. mars 2011

Pingvinar

Magellan-pingvin
Me fekk sjå 3 forskjellige pingvinarter på turen vår. Her kjem eit innlegg om to av dei.
Den eine heiter Magellanpingvin. Den såg me bare i sjøen, men den møtte me fleire plasser. Den virka litt sky, og dykka ofte når me kom nær den, så eg fekk ikkje så mange gode bilder av den. Den blir mellom 61-76 cm lang og veg opptil 6,5 kg. Dei legg to egg, og hannen og hua ruger egget i skift på 10-15 dagar kvar. Eit sympatisk trekk ved dei er at dei er trufaste mot "ektefellen" sin:)

Klippehopper-pingvin




Den andre heiter Klippehopperpingvin. Den blir mellom 45-58 cm lang og veg opptil 5 kg. Den har eit stilig gult øyenbryn som ender opp i lange gule fjørduskar. Ofte vil pingvinar klatra eller skli rundt på magen når dei er på land. Denne arten hopper, og eg fekk eit festlig bilde av det. Denne kan dykka ned til 80 m under overflata.



Flygende pingvin:)

lørdag 5. mars 2011

Planter

Fossen vart visst litt skakk:)
Eg er ikkje så veldig opptatt av planter og blomster, men på denne fotosafarien så hadde eg tid til å eksprimentera litt. Her ser de nokre av dei bildene. Eg er åpen for kontruktiv kritikk:) Trykk på kommenter og skriv di hjertens meining.
Frisk i fargen

Min favoritt av denne typen bilder

fredag 4. mars 2011

Martin Fiskaren

Me såg mange flotte fuglar på turen. Ein av dei som eg synes er fin heiter Martin Pescador på spansk og Ringed Kingfisher på engelsk. Finn ikkje noko norsk navn på den, men det kan kanskje nokre av dykk som les bloggen hjelpa meg med.

Ved denne breen såg me Martin Fiskaren

Kul sveis

Sett seg ut ein fisk

Litt dårlig bilde, men har du gode auger , kan du sjå ein fisk:)

Speiling av fugl og isbre

onsdag 2. mars 2011

Leopardsel

Når me gjekk ut frå fjorden med isbreane, såg me to selar som låg på isflak og sløva. Dette er ein sel av den hissige typen, og den kan vera farlig for menneske. Det frista egentlig ikkje så veldig å bada uansett.Dette står på Wikipedia: 
"Leopardsel (Hydrurga leptonyx) er et rovpattedyr. Selen lever i havområdet rundt Antarktis. Den kan bli over tre meter lang og veie 400 kilo. Leopardsel lever som ung trolig av krill, som voksen jager den pingviner og noen ganger andre seler. Den er topp-predatoren i Sørishavet, og kan være aggressiv. Overfall på mennesker forekommer, og et dødsfall i 2003 er registrert."

Leopardsel framfor isbreane me såg på

Ser eg eit lite smil?

Forveten leopardsel

tirsdag 1. mars 2011

Blåis

Første dagen våkna med av noko som skrubba mot båten, det var is frå ein isbre som "kalva" lenger inne i fjorden. Me reiste heilt inn til to isbrear, og det var utrulig fint å sjå fargane i isen.