torsdag 15. november 2012

søndag 29. juli 2012

Dyr i skogen



Dette er det beykta Stjørdals-trollet


Trudde lenge dette var det nærmaste eg skulle koma å sjå elg!














Nå er ferien snart over, og eg har fått meg nokre turar i skogen for å sjå på ville dyr. I Stjørdal traff eg på skogens konge, ved svenskegrensa traff eg ein del svorske reinsdyr og på Fogn traff eg det meir elegante rådyret. Eg har vore på utkikk etter både bjørn og hjort, utan å få dei i søkaren.
Men så dukka denne ungdommen opp


















Og plutselig stakk mora og hovudet fram, faren såg eg ikkje noko til..


På Fogn såg eg eit rådyr i fullt firsprang!

Eg gjekk ein tur og såg etter dyr, og plutselig retta denne seg opp å kika på meg.














Viss du vil sjå bildene i større utgave, kan det hjelpa å klikka på dei:)








onsdag 4. april 2012

Havørn

I dag var eg på tur heima på Hovda. Gjekk ut til Fjellbergvatnet, og der såg eg ei ørn som sveva over meg. Fekk nokre bilder, men den var langt frå meg. Eg gjekk oppover der eg hadde sett den, og fann meg ein god utkiks-plass. Når eg hadde vore der nokre få minutt, kom to ørner rett over tretoppane, og eg fekk ikkje fokusert på dei før dei var forbi(skulle hatt vidvinkel då:). Men dei gjekk opp og sveva over meg, og så kom det to til. Det eine paret forsvann ganske raskt, men to av ørnene fortsatte å sveva over meg ei god stund, før dei tok turen nordover.
Er ingen ørne-ekspert, men etter litt surfing på nettet, kom eg fram til at det må vera havørn:)
Det var ein utrulig flott opplevelse, eg var heilt i storform.
Her kjem nokre av bilda eg tok.(Klikk på dei, for å få dei større)





torsdag 22. mars 2012

Fuglar i Israel

Lenge sidan eg la ut noko på denne, men nå har eg snopt meg eit "nytt" objektiv, så nå blir det nok aktivitet.
Her er mine første bilder med dette. Dei er tatt i sørenden av Genesarets-sjøen, ein plass som heiter Maagan.
Vil du sjå bildene større, kan du klikke på dei.

Verdens vanligaste fugl, Gråspurv!

Araberbylbyl

Ligna på ein eg traff i Patagonia, Kastanjeisfugl.

Halsbåndparakitt, trur eg..

Halsbåndparakitt

torsdag 26. januar 2012

Storm på Jæren







I dag har det blese friskt, og eg tok meg ein tur ut til havet. Ganske fascinerande med vind og bølger. Du kan klikke på bildene for å sjå dei større.