fredag 28. oktober 2011

Haustbilde

Me var på Fogn ein tur i haustferien, dette bildet tok eg på ein tur me hadde til den "hole eika".

lørdag 8. oktober 2011

Vatn og sjø

Fin ettermiddag nær Obrestad havn



Solnedgang i Drangsdalen(trur eg)

Dette er tatt ved E-39 litt forbi Moi ved avkjørsel til Sokndal
Her er eit par bilder frå turen heim frå Hidra og eit frå ein tur på Jæren. Vil du sjå bildene større, skal det vera mulig å klikka på dei:)

torsdag 29. september 2011

Haustfargar på Hidra

 Då er eg vel tilbake i Norge, og har brukt opp bildene frå turen til Patagonia(eg har fleire..) Denne veka er eg på Hidra, og i dag tok eg meg ein tur i nærområdet her, og her var det mykje fint. I dag var det til og med fint ver.





lørdag 11. juni 2011

Chilensk delfin


Noko me kanskje hadde venta å sjå på turen vår, var delfinar. Me såg faktisk nokre på vei frå flyplassen i Punta Arenas dagen før me begynte på fotosafarien vår. Men den veka me var på båt-tur såg me ikkje nokon, før me var pakka og klar til å gå i land. Då fekk me ei skikkelig oppvisning av ein liten flokk med chilenske delfinar.
Det er ein delfin-art som er nær å vera utryddingstrua(mindre enn 10 000 individ), og det er forska lite på den. Den er ikkje meir enn ca 1,70 m og lever bare ved den sørlige Chile-kysten.

onsdag 11. mai 2011

Link til blogginnlegg frå Patagonia

Ein av dei andre som var med på turen i Patagonia har blogga(på engelsk). For dei som har lyst til å sjå ein annan sine bilder frå same turen kan ta ein titt på Jose E Hernandez World.

torsdag 5. mai 2011

Spekkhoggerar


Spekkhoggar i svevet

Ein av overraskelsane me fekk på turen vår, var at me fekk sjå spekkhoggerar. Dei har ikkje nokon fast tilhaldsplass i desse farvatna, men streifer rundt. Noko interessant på den plassen der me såg dei, var at sjøløvene leika rundt dei, utan tanke på at dei kunne vera i livsfare. I den bukta der me fekk sjå dei, var det både kval, spekkhoggar og sjøløver.
Det var ei lita gruppe med 4 spekkhoggerar som svømte rundt oss, ein av dei var ein unge.
Spekkhoggerane kan bli opptil 10 meter lange og vega opptil 8 tonn. Den er den største av delfin-arten, og har den høgaste finnen av alle kvalane. Den et fisk, sel og hai. Den finnes i alle typar farvatn, men ser ut til å like seg best i kjølig vatn. Huene lever normalt i 50 år og hannane i ca 30 år.
Spekkhooggar inn for landing
Spekkhoggar og knølkval

4 spekkhoggerar

Mor og barn

onsdag 13. april 2011

Sjøløver


Sjøløve-koloni

Sjøløve som leiker seg
Me såg ein del sjøløver på turen vår. Me var inne i ei bukt der det var mykje kval, og der var det og ein koloni med sjøløver. Søramerikanske sjøløver tilhøyrer øresel-familien. Hannane kan bli 2,5 lange og vega ca 300 kilo. Huene blir 2 m og kan vega 140 kilo. Dei lever frå Peru ned til Ildlandet, og på Atlanterhavs-sida frå sør-Brasil og heilt sør i Sør-Amerika.

fredag 8. april 2011

Brungumpkarakara

Ikkje alle fuglar har like korte og klingande navn. Denne heiter altså brungumpkarakara:)


Me hadde med oss ein chilensk fugle-eskpert på turen vår, og han var veldig begeistra når me fekk sjå denne fuglen. Eg fann ei fjør av ein slik, som han var glad for å få, for då kunne han bevisa at den var sett i det området me såg den.
Dette er ein fugl som er nær å vera ein trua art, med rundt 1000 hekkande par. Det er ein rovfugl i falkefamilien.

onsdag 6. april 2011

Sydlig elefantsel

I nærheten av øya der me såg albatross og taregås, var det og ein koloni med sydlig elefantsel.

Godt å slappa av litt

Kjem du nærmare så....

Her kan du sjå kvifor dei kalles elefantsel

Denne hadde ikkje tenkt seg nokon plass
Det var ei heil strand full av feite selar som virka litt agressive, dei brølte når me kom i nærheten av dei. Det er hannane som blir størst, dei kan bli fleire tonn tunge. Festlige dyr.
Sjå meir om desse på Andreas sin blogg

mandag 14. mars 2011

Taregås

Desse fuglane var som eit gamalt ektepar, dei var alltid saman. Såg me den eine, såg me og den andre, om det var på bakken eller i lufta.
Hoa er kvit, og hannen er svart/brun.
Navnet har den fått fordi livretten er tare.


onsdag 9. mars 2011

Heilt konge!

Det vart mange gledelige overraskelsar på turen vår, og ein av dei var at me fekk koma heilt innpå ein flokk med Kongepingvin. Dei skulle normalt sett ikkje vera i området der me reiste.

Litt nebbete..
Godt med ein kvil
Holdning er viktig
Tid for kos
Kongepingvin er den nest største av pingvin-sortane(etter keisarpingvin). Dei lever av fisk og blekksprut og kan dykka ned til 300 m. Blir opptil 94 cm høg og veg mellom 11 og 15 kg. Sjå meir på Andreas sin blogg

mandag 7. mars 2011

Svartbryn-albatross

Svartbrynalbatross i svevet

Noko me var ganske sikre på å få sjå på fotosafarien, var svartbryn-albatross med ungar. Me hadde med oss ein fugle-ekspert som visste kor dei hekka, og på denne tida i fjor var dei i reira sine med ungar.
Men når me kom fram til øya der dei skulle vera, var det ikkje ein albatross i reiret sitt. Me klatra opp på øya for å sjå om me fann nokre, men det var bare tomme reir.
Men me såg mange albatrossar både her og andre ganger på turen vår. Flotte fuglar. Grunnen til navnet er at den har svarte øyenbryn. Den har eit vengespenn på opp mot 2,5 m.
Les meir om den på Andreas sin blogg.
Tomt reir

søndag 6. mars 2011

Pingvinar

Magellan-pingvin
Me fekk sjå 3 forskjellige pingvinarter på turen vår. Her kjem eit innlegg om to av dei.
Den eine heiter Magellanpingvin. Den såg me bare i sjøen, men den møtte me fleire plasser. Den virka litt sky, og dykka ofte når me kom nær den, så eg fekk ikkje så mange gode bilder av den. Den blir mellom 61-76 cm lang og veg opptil 6,5 kg. Dei legg to egg, og hannen og hua ruger egget i skift på 10-15 dagar kvar. Eit sympatisk trekk ved dei er at dei er trufaste mot "ektefellen" sin:)

Klippehopper-pingvin




Den andre heiter Klippehopperpingvin. Den blir mellom 45-58 cm lang og veg opptil 5 kg. Den har eit stilig gult øyenbryn som ender opp i lange gule fjørduskar. Ofte vil pingvinar klatra eller skli rundt på magen når dei er på land. Denne arten hopper, og eg fekk eit festlig bilde av det. Denne kan dykka ned til 80 m under overflata.



Flygende pingvin:)

lørdag 5. mars 2011

Planter

Fossen vart visst litt skakk:)
Eg er ikkje så veldig opptatt av planter og blomster, men på denne fotosafarien så hadde eg tid til å eksprimentera litt. Her ser de nokre av dei bildene. Eg er åpen for kontruktiv kritikk:) Trykk på kommenter og skriv di hjertens meining.
Frisk i fargen

Min favoritt av denne typen bilder