søndag 6. mars 2011

Pingvinar

Magellan-pingvin
Me fekk sjå 3 forskjellige pingvinarter på turen vår. Her kjem eit innlegg om to av dei.
Den eine heiter Magellanpingvin. Den såg me bare i sjøen, men den møtte me fleire plasser. Den virka litt sky, og dykka ofte når me kom nær den, så eg fekk ikkje så mange gode bilder av den. Den blir mellom 61-76 cm lang og veg opptil 6,5 kg. Dei legg to egg, og hannen og hua ruger egget i skift på 10-15 dagar kvar. Eit sympatisk trekk ved dei er at dei er trufaste mot "ektefellen" sin:)

Klippehopper-pingvin




Den andre heiter Klippehopperpingvin. Den blir mellom 45-58 cm lang og veg opptil 5 kg. Den har eit stilig gult øyenbryn som ender opp i lange gule fjørduskar. Ofte vil pingvinar klatra eller skli rundt på magen når dei er på land. Denne arten hopper, og eg fekk eit festlig bilde av det. Denne kan dykka ned til 80 m under overflata.



Flygende pingvin:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar