mandag 28. februar 2011

Fotoblogg

Eg har vore på ein heilt utrulig flott fotosafari i Patagonia i Sør-Chile. På denne bloggen vil eg legga ut ein del bilder frå denne turen, og etterkvart andre bilder som eg synes er verdt å visa. Vil du sjå fleire bilder frå turen kan du sjekka Andreas sin fotoblogg . Kom gjerne med kommentarar. Vil du sjå bildene større, kan du klikka på dei.
Båten me var på ei veka, Forrest. 105mm, 1/200s, F10


Her kan de sjå båten me var på. Det var ein ombygd lastebåt, som hadde 20 soveplasser, og ein fin salong/matsal oppe. Fin standard, og veldig flott service om bord. Me var 18 stk på tur, frå Chile, Argentina, USA og Norge.
Sørkjempepetrell. 200mm, 1/800s, F5,6
Dette er ein fugl me såg ganske ofte. Den kan ha eit vingespenn opp til 2m.
Hoppande knølkval. 250mm, 1/640s, F5
Noko eg håpa å sjå på turen vår, var kval. Det fekk me sjå i store mengder. Kunne ønska å hatt bilde av ein hoppande kval noko nærmare, men det fekk eg ikkje. Me såg dei hoppa nærmare, men fekk ikkje tatt bilde av dei. Desse store dyra kan hoppa så heile kroppen er over vatnet.
Knølkvalen kan bli opptil 19 m lang, og vega 40 tonn. Normalen er 12-14 m og 25-30 tonn. 

Hale til knølkval. 155mm, 1/250s, F5,6
Halen til knølkvalen er ca 6 m brei, og alle halane er forskjellige(som eit fingeravtrykk). Me fekk sjå mange slike. Dei viser halen slik når dei dykker.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar