torsdag 22. mars 2012

Fuglar i Israel

Lenge sidan eg la ut noko på denne, men nå har eg snopt meg eit "nytt" objektiv, så nå blir det nok aktivitet.
Her er mine første bilder med dette. Dei er tatt i sørenden av Genesarets-sjøen, ein plass som heiter Maagan.
Vil du sjå bildene større, kan du klikke på dei.

Verdens vanligaste fugl, Gråspurv!

Araberbylbyl

Ligna på ein eg traff i Patagonia, Kastanjeisfugl.

Halsbåndparakitt, trur eg..

Halsbåndparakitt

torsdag 26. januar 2012

Storm på Jæren







I dag har det blese friskt, og eg tok meg ein tur ut til havet. Ganske fascinerande med vind og bølger. Du kan klikke på bildene for å sjå dei større.

fredag 28. oktober 2011

Haustbilde

Me var på Fogn ein tur i haustferien, dette bildet tok eg på ein tur me hadde til den "hole eika".

lørdag 8. oktober 2011

Vatn og sjø

Fin ettermiddag nær Obrestad havn



Solnedgang i Drangsdalen(trur eg)

Dette er tatt ved E-39 litt forbi Moi ved avkjørsel til Sokndal
Her er eit par bilder frå turen heim frå Hidra og eit frå ein tur på Jæren. Vil du sjå bildene større, skal det vera mulig å klikka på dei:)

torsdag 29. september 2011

Haustfargar på Hidra

 Då er eg vel tilbake i Norge, og har brukt opp bildene frå turen til Patagonia(eg har fleire..) Denne veka er eg på Hidra, og i dag tok eg meg ein tur i nærområdet her, og her var det mykje fint. I dag var det til og med fint ver.





lørdag 11. juni 2011

Chilensk delfin


Noko me kanskje hadde venta å sjå på turen vår, var delfinar. Me såg faktisk nokre på vei frå flyplassen i Punta Arenas dagen før me begynte på fotosafarien vår. Men den veka me var på båt-tur såg me ikkje nokon, før me var pakka og klar til å gå i land. Då fekk me ei skikkelig oppvisning av ein liten flokk med chilenske delfinar.
Det er ein delfin-art som er nær å vera utryddingstrua(mindre enn 10 000 individ), og det er forska lite på den. Den er ikkje meir enn ca 1,70 m og lever bare ved den sørlige Chile-kysten.

onsdag 11. mai 2011

Link til blogginnlegg frå Patagonia

Ein av dei andre som var med på turen i Patagonia har blogga(på engelsk). For dei som har lyst til å sjå ein annan sine bilder frå same turen kan ta ein titt på Jose E Hernandez World.