torsdag 26. januar 2012

Storm på Jæren







I dag har det blese friskt, og eg tok meg ein tur ut til havet. Ganske fascinerande med vind og bølger. Du kan klikke på bildene for å sjå dei større.

fredag 28. oktober 2011

Haustbilde

Me var på Fogn ein tur i haustferien, dette bildet tok eg på ein tur me hadde til den "hole eika".

lørdag 8. oktober 2011

Vatn og sjø

Fin ettermiddag nær Obrestad havn



Solnedgang i Drangsdalen(trur eg)

Dette er tatt ved E-39 litt forbi Moi ved avkjørsel til Sokndal
Her er eit par bilder frå turen heim frå Hidra og eit frå ein tur på Jæren. Vil du sjå bildene større, skal det vera mulig å klikka på dei:)

torsdag 29. september 2011

Haustfargar på Hidra

 Då er eg vel tilbake i Norge, og har brukt opp bildene frå turen til Patagonia(eg har fleire..) Denne veka er eg på Hidra, og i dag tok eg meg ein tur i nærområdet her, og her var det mykje fint. I dag var det til og med fint ver.





lørdag 11. juni 2011

Chilensk delfin


Noko me kanskje hadde venta å sjå på turen vår, var delfinar. Me såg faktisk nokre på vei frå flyplassen i Punta Arenas dagen før me begynte på fotosafarien vår. Men den veka me var på båt-tur såg me ikkje nokon, før me var pakka og klar til å gå i land. Då fekk me ei skikkelig oppvisning av ein liten flokk med chilenske delfinar.
Det er ein delfin-art som er nær å vera utryddingstrua(mindre enn 10 000 individ), og det er forska lite på den. Den er ikkje meir enn ca 1,70 m og lever bare ved den sørlige Chile-kysten.

onsdag 11. mai 2011

Link til blogginnlegg frå Patagonia

Ein av dei andre som var med på turen i Patagonia har blogga(på engelsk). For dei som har lyst til å sjå ein annan sine bilder frå same turen kan ta ein titt på Jose E Hernandez World.

torsdag 5. mai 2011

Spekkhoggerar


Spekkhoggar i svevet

Ein av overraskelsane me fekk på turen vår, var at me fekk sjå spekkhoggerar. Dei har ikkje nokon fast tilhaldsplass i desse farvatna, men streifer rundt. Noko interessant på den plassen der me såg dei, var at sjøløvene leika rundt dei, utan tanke på at dei kunne vera i livsfare. I den bukta der me fekk sjå dei, var det både kval, spekkhoggar og sjøløver.
Det var ei lita gruppe med 4 spekkhoggerar som svømte rundt oss, ein av dei var ein unge.
Spekkhoggerane kan bli opptil 10 meter lange og vega opptil 8 tonn. Den er den største av delfin-arten, og har den høgaste finnen av alle kvalane. Den et fisk, sel og hai. Den finnes i alle typar farvatn, men ser ut til å like seg best i kjølig vatn. Huene lever normalt i 50 år og hannane i ca 30 år.
Spekkhooggar inn for landing
Spekkhoggar og knølkval

4 spekkhoggerar

Mor og barn